Bli med på sommarles!Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.Illustrasjonsbilete sommarles Sommarles Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opna 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg! Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!Her kan ein registrera seg: Hjem – Sommerles.no Sist endra 12.06.2026 11.09
Verdas poesidag 21. mars: ver her 21. mars blir verdas poesidag markert over heile verda. Føremålet med dagen er ifølge Unesco å skape merksemd rundt lesing, skriving, prenting og læri... Publisert 21.03.2025 kl. 11.25
Frø du kan så i mars No når vårsola byrjar å varme kjenner du kanskje at det kriblar litt ekstra etter å setje i gang med dyrking? Publisert 13.03.2025 kl. 13.39
Interessert i utvandrar- og migrasjonshistorie? Bli med på gratis webinar! Publisert 03.03.2025 kl. 15.05
Hæ? Et liv som tunghørt. Av Frank Rossavik Hæ? Et liv som tunghørt, av Frank Rossavik. Bokmelding av Sverre Bungum Publisert 20.12.2024 kl. 11.44
Forbode-bøker-veka I heile oktober kan du sjå utstillinga «Forbudte bøker» i biblioteka i Øygarden. Her stiller vi ut bøker som representerer forskjellige former for sen... Publisert 18.10.2024 kl. 12.36
Han Kang vert tildelt Nobels litteraturpris 2024 Sørkoreanske Han Kang får prisen for “hennes intensiva poetiska prosa, som konfronterar historiens trauman och blottlägger människans sårbarhet”. Publisert 11.10.2024 kl. 13.08
Stein i silke av Mikael Niemi Stein i silke, roman av Mikael Niemi. Bokmelding ved Sverre Bungum Publisert 09.10.2024 kl. 15.07
Sommarlesefest med Vitenshow Alle som har deltatt på Sommarles kan melde seg på denne sommarlesefesten Publisert 13.08.2024 kl. 12.27