Datahjelp på innbyggartorg og bibliotek.
F. Amini
Ting time til gratis datahjelp på innbyggartorg og bibliotek!
Døme på type hjelp du kan få
- Logga inn på statlege og kommunale tenester på nett.
- Oppretta e-post, Digipost og liknande
- Bli trygg på bruk av Bank-ID
- Timebestillingar
- ..og anna. Spør oss!
Pris
Hjelpa er gratis. Ho er for alle. Ingen aldersgrense.
Kor kan du få hjelp?
Hjelpa blir gitt på Innbyggartorg og bibliotek på Straume.
Bestille time
- Du eller nokon som hjelper deg, kan bestilla time til datahjelp på nett: Bestill time her.
- Du kan også bestilla time ved å kontakta oss i skranken, eller ringja sentralbord på 56 16 00 00.
- Du er i førarsetet
- Vi hjelper deg å bruka statlege og kommunale tenester, men kan ikkje utføra noko på vegner av deg. Det har vi ikkje lov til.
Du brukar eige utstyr
Har du eigen PC eller mobil? Ta det med, så brukar du din eigen “duppeditt.”
Pilot nærtenestesenter
Datahjelpa er ein del av den eksternt finansierte pilot for nærtenestesenter. Piloten har som mål å betra samarbeidet mellom kommune og stat. Det er av stor verdi både for den enkelte og det offentlege at innbyggjarar klarer å nytta dei tilgjengelege digitale tenestene.
Meir informasjon?
Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Farshid Amini, farshid.amini@oygarden.kommune.no