Omagiu. Av Lars Saabye Christensen

Bokomtale skriven av Sverre Bungum

Forsidebilde Omagiu

Boka har Romania og despoten Nicolae Ceausescu som bakteppe jamvel om du ikkje finn autentiske namn i teksten. Bortsett frå kong Olav  og Oslo.

Ion Pauker, glasmeistersonen i landsbyen, ein fyr utan talent i nokon retning, gjer karriere i hovudstaden. Han tener lojalt Kapteinen, eineherskaren i landet og kona hans som heiter Mor.

Ion Pauker duger ikkje til noko slags gagns arbeid. I landsbyen var han kjend for å like pokalar og dessutan var han sta. Jamvel når han visste at han tok feil, fall det han ikkje inn å endre meining.  Han drog til hovudstaden og skulle komme til å finne seg vel til rette i det enorme palasset der Kapteinen og Mor herskar.

Ion Pauker sin fascinasjon av pokalar og medaljar kombinert med nasegrus lojalitet, skulle komme til å løne seg.  Han avanserte til Ordenskansellist med ansvar for Omagiu, rommet der alle medaljar despotane hadde fått hengt på seg under besøk verda rundt.

Boka minner oss om at ekteparet frå Romania vitja Norge i 1980. Vi som har alder til det, hugsar diplomatiske forviklingar i samband med at den høgverdige gjesten kravde at trikkane som forstyrra nattesøvnen hans på slottet, skulle stansast. Det skjedde ikkje, men dei vart no tildelte Storkorset av St. Olavs orden begge to, Ceausescu og Elena, eller Kapteinen og Mor som forfattaren kallar dei.

Og Ion Pauker sin lojalitet var blind og utan grenser. Folkeopprøret som feller Despoten, endra ikkje noko for han, sta som han var.   

Det er ei tankevekkande  bok dette.  Christensen sin eminente forteljekunst, humor og ironi, meir framhevar enn dekker til den djupt alvorlege bodskapen. Ion Pauker finn det rett og godt å kjenne seg i skuggen av noko som er så mykje større enn han. I skuggen av systemet og den sterke leiaren,sitat: 

«Der, i denne skyggen, der kunne staheten bli til lojalitet, den fineste form for viljestyrke som på sitt høyeste nivå er å ligne med kjærlighet»

 Når persondyrkinga  vert sterk nok, bit lojaliteten seg fast same kor mykje den streke leiaren vert avkledd og alle hans ynkelege svikt, svik og brotsverk vert synlege for alle.

Slik gjekk det med Ceausesscu.

 Nokon som kjem på andre eksempel?

Sverre Bungum