Rebusløyper og ekstrapremie

Er du med på sommarles i år og lyst å vera med på trekninga av ein superfin ekstrapremie? 

Du finn no rebusar i turløypa eller område rundt dei tre dagsturhyttene i kommunen, Veten, Rambua og Larslibua. Løyser du alle tre rebusane har du 3 lodd i trekninga.

Triliobitt, kystpass - Klikk for stort bileteTriliobitt, kystpass Gro Lygre Petersen

 

Vi har plassert ut  postar med ein tallkode langs desse løypane. Til saman dannar postane i ei løype ei setning som du skal prøve å løyse. I dei rosa felta finn du kodane. Har du høyrt historia på Sommarles.no kan det hjelpa deg på vegen, men kanskje klarar du det utan også.

Når du har løyst rebusen, kom innom eitt av biblioteka våre, registrer løysinga og namnet ditt og du er med i trekninga av eit Trillobitt-fosil som er om lag 380 millionar år gamal!

 God tur!