Bli med på sommarles!Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.Illustrasjonsbilete sommarles Sommarles Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opna 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg! Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!Her kan ein registrera seg: Hjem – Sommerles.noIllustrasjonsbilete kapittel to.jpg Sommarles.no Illustrasjonsbilete kapitel ein.jpg Sommarles.no Sist endra 23.06.2026 10.59
Frå 27. mars er vi tilbake til normale opningstider på Straume. Frå hausten 2025 og til no i mars 2026, har vi hatt forlenga opningstider på Straume. Publikum har fått service fram til kl. 21 på kvelden frå måndag ... Publisert 25.03.2026 kl. 12.48
Kyllingar på veg! Har du sett at vi har kyllingar til ruging på biblioteket på Straume? Publisert 23.03.2026 kl. 12.52
- Vi kan samarbeida meir - Vi treng endå meir samarbeid mellom dei frivillige laga, og vi må samhandla betre mellom det frivillige og kommunen, sa Jacob Henrik Hellesund på ei... Publisert 03.03.2026 kl. 22.32
Stort engasjement på innbyggjarmøte Nærare 25 personar hadde funne vegen til innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet på torsdag då kommunen inviterte til dialog om kommunedelsenter... Publisert 23.02.2026 kl. 08.28
Ønskjer dialog om kommunedelsenteret på Rong som møteplass Øygarden kommune ønskjer å utvikla attraktive kommunedelsenter. Ordførar Tom Georg Indrevik vil gjerne ha innspel om dette på ei uformell samling på i... Publisert 18.02.2026 kl. 14.17
Endringar på innbyggartorg og bibliotek frå 2026 Øygarden kommune står i ein særs krevjande økonomisk situasjon. Dette får konsekvensar for tilbodet på innbyggartorg og bibliotek. Publisert 03.02.2026 kl. 14.14
Vinterferieaktivitetar i biblioteket Velkommen til biblioteket i vinterferien. Publisert 31.01.2026 kl. 11.20
Du har fått med deg at vi har utvida opningstider på Straume i vinter? Opningstidene gjeld fram til 30. mars. Som del av eit pilotprosjekt finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet er no innbyggartorget i Øygarden ope heilt til klokka 21.00 frå måndag ... Publisert 05.01.2026 kl. 14.10
Gutar blant bokhyller – ein leseklubb som skapar leselyst og vennskap I Øygarden deltek ti skular i prosjektet: Gutar blant bokhyller. Målet er enkelt – å skapa leselyst, gjennom å gje gutar ein arena der lesing blir sos... Publisert 08.12.2025 kl. 13.10