Flukten fra Palestina av Rima Iraki

Bokmelding av Sverre Bungum

Flukten fra Palestina

Du har sett henne mange gonger i dei åra ho var knytt til NRK, Rima Iraki.  I Urix og ikkje minst som anker i Dagsrevyen. No har ho debutert som forfattar. Ho fortel om eigen familie,  om ei ferd gjennom fem land, om tre generasjonar og eit felles håp.

Det er ei forteljing som startar med bestefaren i Haifa ( Palestina, no Israel) i 1914 då Det osmanske riket var i full oppløysing. 4 land og mange år seinare endar ferda i Norge.

Midtausten er har ei komplisert historie. Det fine med boka til Iraki er det er historieforteljing, nøktern og sakleg, samstundes som det er ei dramatisk og spennande familieforteljing. Ho skriv utan å ta stilling til dei politiske motsetningane som pregar Midtausten, utan å dømme og fordømme. Ho har sjølv sagt at ho skriv utan store adjektiv og så får lesaren sjølv gjere seg opp si eiga meining. 

Familien Iraki er ikkje gjennomsnittsflyktningar, det må seiast. Det er ein ressurssterk flokk. Det skal krefter til for å reise seg igjen og igjen etter å lidd tap og opplevd tunge tragediar. Sjølv har Rima uttalt at familien makta å halde fast på håpet og le når alt såg som mørkast ut.

Korleis er det for menneske som har levd utrygt i årevis, for barn som har vakse opp med redsel og dødsangst, å komme til eit land er trygt? For familien Iraki var det frå natt til dag. Litt rasisme og nokre kulturkollisjonar til tross.

Første tida hadde dei vaksne eit sams håp om å vende tilbake til Palestina. For kvar intifada, for kvar blodig samanstøyt, vert håpet svakare.

Rima Iraki har skrive ei viktig bok. Eg lånte den på biblioteket.

Tittel: Flukten fra Palestina
Forfattar: Rima Iraki
Utgitt: 2025
Omtalen er skrive av: Sverre Bungum