Fjernlån og boktransport

 Frå 29. april er det ein ny løysing på plass etter Norsk Bibliotektransport AS sin konkurs 14. april.

 

På grunn av konkurs hjå transportleverandøren Norsk bibliotektransport AS (NBT), vart transport av bøker mellom bibliotek ramma.

Dette har til no betydd at fjernlån og innlån frå andre bibliotek har vore heilt eller delvis utilgjengeleg i ein periode. Ikkje minst for studentar har dette skjedd på det verste tidspunktet, midt i innspurten før eksamenstida.

Ny løysing på plass frå 29. april!

Nor-log har kjøpt opp NBT. Nor-log  er eit landsdekkande transportselskap med over 1 000 tilsette, 19 terminalar og dei har avdelingar i Nord-Norge kor NBT ikkje opererte.