Redusert foreldrebetaling - SFOÅrleg foreldrebetalinga i SFO for eleven skal ikkje utgjera meir enn 6 prosent av inntektene til hushaldet.Foreldre må søka. Ved innvilga søknad blir pris for plass i SFO justert slik at den ikkje overstig 6 prosent av inntektene i hushaldet.Det er enkelt å søkje, og du slepp laste opp vedlegg då Øygarden kommune hentar inn likningsopplysningar som er nødvendig for å behandle søknaden din.Dersom du likevel har andre opplysningar om hushaldninga si inntekt som ikkje kjem fram av skattemelding må du laste inn dokumentasjon på dette og sende inn elektronisk saman med søknad.Slik søkjer duDu søkjar via Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar. Søk om redusert foreldrebetaling SFO via Vigilo foreldreportalSøknadsbehandling Hushald Med hushald meiner ein ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette. Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna. Inntekt Med inntektene til hushaldet meiner ein hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt. Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt. Betaling for kost Betaling for kost kan komme i tillegg. Inntektsgrenser Foreldrebetalinga i Øygarden varierar både med plasstypar på enkeltskular, og mellom skular. Sjå oversikt under for å finna ut samanheng mellom plasstype og inntektsnivå i hushaldet. Inntektsgrenser Type plass Pris per månad for SFO Årleg betaling for SFO Innslagspunkt der årleg betaling blir 6% Heil plass (gjeld Tjeldstø) 3 400 34 000 566 667 Heil plass ordinær 3 000 30 000 500 000 Redusert plass 2 400 24 000 400 000 Etter skuletid 3 timar (gjeld Tjeldstø) 2 400 24 000 400 000 Etter skuletid 3 timar 2 100 21 000 350 000 Etter skuletid 2,5 timar 1 750 17 500 291 667 Morgonopphald 1 000 10 000 166 667 Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingarFrå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare. Døme Eit hushald med inntekt på 400 000 vil få denne reduksjonen: 6% av 400 000 = 24 000,- Dette betyr at foreldrebetalinga skal vere max 24 000 per år for eleven frå dette hushaldet. Dersom eleven frå hushaldet har ordinær heil plass til 2 795 per månad (27 950 per år) vil reduksjonen bli: Ordinær: 27 950 6% maks: 24 000 Forskjell på dei to: 3 950 Årleg foreldrebetaling reduserast med 3 950 kroner. Månadlege faktura for SFO blir justert i tråd med vedtak. Forskrift til opplæringslova – Reduksjon i foreldrebetaling for elevar frå 1. - 4. trinn Sist endra 22.01.2025 09.14