Skulebiblioteket

Vonar mange av dykk har lese masse i sommar! Vel møtt til nytt skuleår 16.august, og velkomen til skulebiblioteket. 

Hei alle flinke lesarar på Stranda skule! 

Etter suksessen med biblioteksassistentar dei to siste åra, fortsett vi med dette skuleåret 2021/22. Elevar frå 6. og 7.trinn kan søkje om å få hjelpe til i biblioteket. Elevane som var hjelparar 2020/21 har vore flinke til å ta innlevering, rydding i hyller, laga utstillingar og passa på at det ser fint ut i biblioteket. Meir informasjon kjem til skulestart.

Helsing Christel på skulebiblioteket.


Boktips

Bruk tipsa nedanfor til å finne bøker som passar for deg . Det ligg og mange ulike bøker på Salaby, Lesemester og Skolen.