Ordensreglar

Alle skular skal ha eit ordensreglement. Reglementet skal årleg gjerast kjent for elevar og foreldre. (Opplæringslova § 9A-10.) Vi ber om at alle les gjennom og samtalar med eleven om reglane, sånn at ein sikrar forståing. Signer og returnerar svarslippen til skulen.

Viss ditt born, eller andre born du kjenner, opplev å ikkje ha det trygt og godt på skulen, er det viktig at de gjev beskjed til oss. 

Rettar

 

ORDENSREGLEMENT FOR STRANDA SKULE.

Rettar:

Alle elever har rett til eit trygt og godt skulemiljø med fokus på trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.(Opplæringslova § 9A-4)

Skulen skal heile tida jobbe for eit best mogeleg skulemiljø og at skulen skal opplevast som trygg og god for elevane. Elevane har rett til å ta del i planlegging og gjennomføring av arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø (Opplæringslova § 9A-8). Jamfør skulen/kommunen sin plan for eit trygt og godt skulemiljø.

Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Plikter:

  1. Du skal møte presis til timane, vere førebudd og ha orden i skrivesaker og anna utstyr. Du har ansvar for dei skulesakene du får utdelt.
  2. Du skal vere ute i friminutta (innanfor skulen sine oppmerka område) om ikkje lærar gir deg lov til anna.
  3. Du skal vise respekt for andre og ha omsorg for andre. Dersom nokon kjem opp i konflikt skal du alltid seie frå til ein vaksen. (Opplæringslova § 9a-3.)
  4. Du skal gje andre arbeidsro i klassen.
  5. Mobiltelefon/smartklokke og anna elektronisk utstyr skal normalt vere avslått i skuletida/SFO-tida, med mindre rektor har gjeve løyve til noko anna. 
  6. Du skal ha orden på tinga dine i klasserom og i gang. Alle skal ha innesko og det skal alltid vere rydda på plassen din når skuledagen er over.
  7. Hette, lue og cap skal vere av hovudet når du er inne på skulen.
  8. Snøballkasting er kun tillate på oppsett blink (Bassengveggen, endevegg ved trinn 3 og klatreveggen ved Strandahallen).
  9. Tek du buss heim skal du finne din plass i køen. Du skal ikkje snike eller dytte nokon. Du skal oppføre deg fint mot dei andre på bussen.
  10. Du skal følgje skulen sitt digitale ordensreglement når du bruker skulen sitt digitale utstyr (pc, chromebook, ipad eller smartboard). Du finn det som oppslag i klasserom og på skulen si heimeside.

Konsekvensar ved brot på ordensreglane: 

  1. Om du bryt ordensreglane, vil læraren i første omgang visa deg til rette, samtale med deg og setje i verk tiltak for å få deg til å endre åtferd. 
  2. Dersom åtferda framleis ikkje blir betre vil foreldre bli kontakta, først munnleg melding, vidare skriftleg melding om brot på ordensreglane. 
  3. Dersom det med hensikt eller grov aktløyse blir gjort skade på noko innanfor skuleområdet, kan det krevjast erstatning. Vaske,- rydde- og reparasjonsarbeid kan og bli aktuelt.
  4. Inndraging av mobiltelefon eller anna privat utstyr, leikar og anna, som verkar forstyrrande. Inndraging for resten av dagen.
  5. Inndraging av utstyr som vert brukt på ein farleg eller provoserande måte. Inndregne gjenstandar kan hentast av føresette.
  6. Skulen er ikkje ansvarleg for personlege eigedelar til elevane eller andre som brukar skulebygget. 
  7. Å bli halde igjen etter skuletid kan bli aktuelt dersom ein elev ikkje gjer heimearbeid, når dei ikkje brukar timane effektivt eller unødig somlar bort eiga, medelevar eller lærar si tid. Før eit slikt tiltak blir sett i verk skal eleven ha anledning til å forklare seg.  Føresette må varslast.
  8. Bortvising frå einskildtimar eller for resten av dagen (Opplæringslova § 9A-11). Det er rektor som vedtar bortvising etter å ha rådført seg med lærar til eleven. Før det blir gjort vedtak om bortvising skal ein vurdere andre tiltak. Føresette må varslast før bortvising.
  9. Grove tilfelle av vald/hærverk vil bli meldt til politiet med krav om erstatning. 

 

Evaluering og handsaming av ordensreglane skal gå føre seg kvart år av FAU/SMU, samarbeidsutvalet, personalet og elevrådet ved skulen.

 

Klassereglar og gangreglar:

På Stranda skule har vi eigne klassereglar og gangreglar som elevane skal fylgje. Desse skal hengje lett synlege i klasseromma. 

Stranda skule

Dato Underskrift rektor

14.08.23         Christel Lewington Brown

 

 

Klassereglar og gangreglar

På Stranda skule har vi eigne klassereglar og gangreglar som elevane skal fylgje. Desse skal hengje lett synlege i klasseromma.