Om oss

Velkomen til ein av dei største barneskulen i Øygarden kommune!

Stranda skule ligg flott til heilt sør i Øygarden kommunen. I dag er vi ca. 335 elevar på vår skule. Det er 38 lærarar som har Stranda skule som arbeidsplass, inkludert leiinga. I tillegg er det 15 fagarbeidarar/ assistentar som gjer ein stor innsats kvar dag!

Stranda skule er bygd ut gjennom fleire periodar og framstår i dag som ein moderne og framtidsretta skule, med store områder inne og ute som bidreg til leik.

Stranda skule - Klikk for stort bilete

Visjon

Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida!

Skulekrins

Det er elevar frå tre krinsar hjå oss; Klokkarvik, Tofterøy og Stranda.

Historikk

Gamledelen er frå 1986, men er totalrenovert. Skulen var ferdig med siste utbygging november 2019. Vi fekk 6 nye klasserom med tilhøyrande grupperom og garderobar. I tillegg fekk vi ny sløydsal. 

Dagsplan

  • 1.-4. trinn begynner skuledagen kl. 08.40, og sluttar kl. 13.15 kvar dag.
  • 5.-7. trinn begynner kl. 08.40 kvar dag, sluttar kl. 13.15 man, tys og fredag. Onsdag og torsdag sluttar dei kl. 14.35.

Trafikksikker skule

  • Vis omsyn til mjuke trafikkantar.
  • Bruk av- og påstigningslomma. Vi ynskjer minst mogleg køyring!
  • Elevane vert møtt av vaksen på busstoppet. Vi har og bussvakt som følgjer elevane til bussen etter undervisninga.
  • Sykkel/sparkesykkel: Det er viktig at elevane nyttar hjelm.
  • Vi har sykkeldag for elevar på 5. trinn om hausten, i samarbeid med Trygg Trafikk.
  • Vi har trafikkopplæring på alle klassetrinn

Skule-heim samarbeid

Symjeopplæring

På Stranda skule har alle trinn symjeopplæring kvar veke. Skuleåret 2023/24 vil fleire trinn nytte seg av utesymjing dei gongane bassenget er stengt. Det er og laga grupper på tvers av aldersgrupper som vil ha både utesymjing og symjing i bassenget ved skulen.

Fotogalleri

Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Inne på Stranda skule - Klikk for stort bilete
Inne på Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete