Elevrådets juleglede

Nokre av medlemmar frå elevrådet. Christel Brown

Opning av julegate ved Stranda barneskule.

Elevrådet har over tid jobba med å få til ein ny tradisjon ved Stranda barneskule. Dei ønskja å gjere noko kjekt for elevar og vaksne ved skulen. Dele litt juleglede.

 Fau kjøpte 2x100 meter med lyslenkjer til elevrådet.

Fredag 05.12.25 var den første julegate opninga skulen har hatt. Elevrådsstyret ønskja alle velkomne . Det vart allsong  og julegata vart tent. Det var ein fin og høgtidsstemt seremoni.

 Elevrådet stod på skuleplassen og delte ut klementinar som Rema 1000 og Spar Steinsland hadde gitt elevrådet. 

Vi er takksamane for eit elevråd som vil skape gode juleminner for alle små og store. Vi er takksame for eit FAU som støttar opp under det vi ønskjer å få til, og stiller med lys. Vi er takksame for at vi har lokalt næringsliv som sponsar oss med klementinar! Og ikkje minst takksame for dei flotte elevane og kollegaene vi har på Stranda skule!

Tusen takk til Spar Steinsland og Rema 1000 Skogsskiftet som sponsa elevrådet med gratis klementiner. Christel Brown 1.trinn går gjennom julegata, fulgt av dei andre trinna. Christel Brown