Digital meldingsbok

Stranda skule brukar Transponder som digital meldingsbok for kommunikasjon mellom skule og heim.

Person som trykker på ein mobiltelefon og logoen til Transponder - Klikk for stort bilete

Du kan lastast ned appen Transponder i App Store og Google Play. Søk der etter «Transponder Meldingsbok». I tillegg kan tenesta nyttast frå nettlesar.

Transponder Meldingsbok erstattar:

  • Papirmeldebok
  • SMS til lærar sin privattelefon
  • Fråværsmailar til lærar/skule sin e-post
  • All annan skriftleg kommunikasjon mellom skulen og heimen

Transponder Meldingsbok kan nyttast til:

  • At føresette gjev korte meldingar til lærar(ar)/skule
  • At lærar(ar)/skule sender korte meldingar til føresette
  • At lærar/skule sender samla meldingar/skjema til alle føresette
  • Påmelding til aktivitetar og anna

Ved pålogging første gong via ID-porten sikrar me eit høgt nivå av tryggleik for både føresette og tilsette. Alle som loggar seg inn i sine eigne ungar sine meldingsbøker, ser kven som til ei kvar tid kan lesa og skriva i bøkene. Logg deg rett inn i appen og akseptèr push-varsler for å halda deg oppdatert i sanntid eller bruk Transponder i nettlesar.

Transponder app - Klikk for stort bilete