Løpsfest i SkogsvågI god tradisjon vart Tinestafetten arrangert i sone sør med Skogsvåg skule som vertskap. Arrangementet fann stad på bana til Skogsvåg Idrettslag, og dagen vart ein fest fylt med løpsglede, innsats og lagånd.Frå Tinestafetten på Skogsvåg stadionMed Inge Vik som entusiastisk mikrofonansvarleg og rektor Ingrid Hestad som leia felles oppvarming, starta dagen med energi og høg stemning. Skulane Stranda og Spildepollen deltok, og saman med Skogsvåg sine eigne elevar skapte dei liv og røre på stadion.Elevane sprang med stort engasjement og viste både innsatsvilje og samarbeidsevne. Dei oppførte seg førebiletleg, og det var tydeleg at både store og små hadde ein flott dag.Ein stor takk går til Skogsvåg Idrettslag for lån av bana og utstyr – utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg. Skulane set stor pris på innsatsen de legg ned for lokalmiljøet og ungane våre.Her er fleire bilete: Tekst og foto: Skogsvåg skule Publisert 06.05.2025 15.49
Prosjekt "Flukt" Då 7.trinn skulle ha «Flukt» som tema denne våren, bestemte dei seg for ein litt spesiell vri. Det resulterte i eit stort prosjekt med veldedighetsmid...
Julehelsing frå Skogsvåg skule Kjære elevar og foreldre! Takk for eit fint hausthalvår vi har hatt saman. Takk for gode stunder, og takk for godt samarbeid så langt dette skuleåret....
FN veke Denne veka har heile skulen hatt fokus på FN og bærekraftsmål. Det starta med fredsmarsj rundt skulen med flaggborg og heile 88 flagg.
Vennskapsveka Veldig mange fine fellesaktivitetar i vennskapsveka. Klassane var saman på turar, i leik, i spel og Blime-dans. Bildet viser puslebrikker som elevar h...
Ti tusen for Jemen Elevane har plukka geitrams, vi har laga saft, og foreldre og andre har kjøpt safta. Resultatet er omtrent 130 flasker saft og 10 000 kroner sendt til ...
Topptur for heile skulen I dag har vi hatt vår årlege Topptur. Elevane kunne velje mellom fleire turar, og fekk poeng for kvar tur. Storaskjenet, Krontareiret, Leikeskogen og ...
Geitrams-prosjektet Skulen deltek også i år på Rams sitt prosjekt til inntekt for Unicef sitt arbeid i Jemen. Elevane er i gang med å plukke geitrams og lage saft. Safta ...
Første skuledag Ein god dag på Skogsvåg skule. Mange born som var glade for å sjå kvarandre. Mange nye førsteklassingar fekk kvar si rose. Mykje fin leik ute og inne. ...