FN veke

Denne veka har heile skulen hatt fokus på FN og bærekraftsmål. Det starta med fredsmarsj rundt skulen med flaggborg og heile 88 flagg.

Fredsmarsj rundt Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete

FN sitt flagg vart heist, og representant frå FN-sambandet las opp helsing frå generalsekretæren før dagen vart markert med ei stille stund. 

Alle trinn har hatt fokus på bærekraftsmål og forskjellige aktivitetar, malt fredsduer og FN flagget, snakka om at ein kan dele meir og born sine rettar. Dei eldste elevane har mellom anna også hatt fokus på bærekraftig klesproduksjon hos seg sjølv. Eit stort engasjement blant elevane denne veka.