Det er mange stunder som gjer ein stolt av å vere ein del av Skogsvåg skule, og årets "Vårslepp" og "Bestefest" var definitivt to slike opplevingar. "Vårslepp" er vår eigen talentiade, med rekordstor deltaking denne våren.
Her var alle på scena vinnarar, heia fram av eit entusiastisk publikum. Modige og talentfulle elevar stod fram med rapping, stand-up, song og dans, pianospel og gitarspel. Veldig imponerande!
Godt publikum var det og på "Bestefesten." Det er ekstra stas når besteforeldra er på besøk, og elevane på 1.-4.trinn strålte, og song med stor innlevelse og engasjement. Etterpå var det besøk på trinna, og besteforeldre sette tydeleg pris på festen; ""Vi elskar bestefest!" Det gjer vi og, og "Vårslepp.."