Prosjekt "Flukt"

Då 7.trinn skulle ha «Flukt» som tema denne våren, bestemte dei seg for ein litt spesiell vri. Det resulterte i eit stort prosjekt med veldedighetsmiddag som nydeleg avslutning. 

Elevane har hatt temaet "Flukt" nokre veker, har laga spel, pyntehus og bakverk for sal til foreldre og tilsette. Dei har mellom anna steikt 500 bollar, 200 ostehorn og laga til middagen som vart servert i samband med veldedighetsmiddagen på onsdag. Til forrett serverte elevane vårrullar, kyllingsuppe til hovudrett og oreoiskake til dessert. Mellom måltida viste elevane fram eit variert og flott program med dans, song og fingerskating. Det har vore lange dagar både for elevar og vaksne, og alle fekk velfortent ros. Jannicke og Åsgeir, dei to kontaktlærarane fekk kvar sin flotte blomebukett. Heile kr.30.000,- har kome inn på konto til Røde Kors sitt arbeid for menneske på flukt, og representanten frå Røde Kors gav i sin takketale uttrykk for at han var mektig imponert over den innsatsen alle hadde lagt ned i dette prosjektet.

Tusen takk til alle som var med på å gjere dette mogeleg! Det var ei fantastisk oppleving.