Viktig å vita før du søkjer
Søk om barnehageplass
Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Du kan søkja om barnehageplass i Øygarden kommune uansett kor i landet du bur, men barn som bur i Øygarden kommune, vert prioritert.
Søkje, svare eller endre barnehageplass
Ofte stilte spørsmål
Barnehageplass
Du takker ja til tilbod om plass på same stad som du søkte plass.
Lenkje til å svara finn du på framsida når du har logga deg inn. Du må logge deg inn via ID-porten.
Du kan søkja om å bytta til ein anna barnehage. Søkjer du om bytte, vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det vert ledig plass. Ved overgang til ny barnehage, må du seie opp den gamle plassen.
Ønskjer du å endra barnehageplass (type plass) gjer du det på same stad som du søkte plass.
Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykkjer du på søk om endra plasstype.
Ønskjer du å seia opp barnehageplassen, gjer du dette direkte til barnehagen inntil vidare.
Du vil få tilbod om plass i ein annen barnehage. Ver merksam på at dette berre gjeld om du har svart ja på spørsmålet om du vil ha eit slikt tilbod i søknaden din.
Då kan det ta lengre tid å få barnehageplass. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantera eit tilbod i ein av dei barnehagane som du har prioritert.
- Du kan takka ja til plassen, og samstundes stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgare.
- Du kan takka nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. NB! Om du takkar nei, har du ikkje rett til eit nytt tilbod om barnehageplass før neste barnehageår.
Svar på søknad
Om du søkjer barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars, vil du få svar i slutten av mars eller starten av april.
Søkjer du etter 1. mars, vert du sett på venteliste og får tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.
Klage
Foreldre/føresette har høve og rett til å klage på tildeling av barnehageplass. Klageretten gjeld for dei som har søkt innan søknadsfristen (01.03) og har rett på eit tilbod om barnehageplass- dersom ein ikkje har fått innvilga sitt 1. eller 2. val, eller ikkje har fått oppfylt retten til barnehageplass. Klage vert sendt Øygarden kommune. Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage skildrar klageretten og saksgangen til foreldra.