Redusert foreldrebetaling - barnehage

Ordninga gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt. Eit hushald skal ikkje betala meir enn 6 % av brutto årsinntekt for eín barnehageplass.

Retten til gratis kjernetid er utvida til også å gjelda 2-åringar frå august 2019.

Inntekta som blir lagt til grunn er samla person- og kapitalinntekt i hushaldet. Sjølvmelding skal leggjast ved som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søkjar pliktig til å opplysa og dokumentera dette når du søkjer.

Hushald: ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei siste 18 månadene. NB! Gjeld anten ein har felles barn eller ikkje. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gongen. Det må søkjast på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon på inntekt. Søknad om reduksjon for foreldrebetalinga gjeld for både private og kommunale barnehagar. 

Minoritetsspråklege førstegongssøkarar kan søke om redusert foreldrebetaling for det første året i barnehagen.

Ordninga blir ikkje gjeven med tilbakeverkande kraft.

Døme på redusert betaling

Illustrasjon: Døme på betaling for to barn i ein familie på fire. - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Døme på betaling for to barn i ein familie på fire.

Gratis kjernetid - 20 timar per veke

Familiar eller hushald med samla personinntekt under 615 590 kroner kan søkja om fritak for betaling 20 timar per veke. Ordninga gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart.

Ordninga blir ikkje gjeven med tilbakeverkande kraft.

Slik søkjer du

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandla søknad om reduksjon. I Øygarden kommune er det same skjema for begge ordningane.

Frå og med 1. april kan du søkja om redusert foreldrebetaling for neste barnehageår.

Her kan du søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Skjemaet er elektronisk og du må logga deg på via ID-porten.

Har du plass i annan kommune eller bur ikkje i Øygarden?

Innbyggjarar i Øygarden med plass i barnehage i annan kommune kan ikkje søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid på knappen over, men må sende søknad her: Dette skjemaet skal berre nyttast dersom du har barnehageplass utanfor Øygarden kommune.

Om du bur i ein annan kommune, men har plass i barnehage i Øygarden, skal du søkje til eigen kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 30. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehageår tek til i august. Etter søknadsfristen vert søknadene behandla fortløpande, og er gjeldande frå månaden etter at det vart søkt.

Klage

Du har rett til å klaga. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.