Barnehagebarn og tilsette som har milde luftvegssymptom og sjukdomsfølelse skal ikkje møta i barnehagen, men halda seg heime til allmenntilstanden er god. Barnehagebarn og tilsette kan koma tilbake til barnehagen når dei føler seg friske og feberfri, sjølv om dei framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjonar.

På nettsida til Regjeringen finn du kortversjon av det du treng å vite som føresett i forbindelse med koronasituasjonen.

 

I samband med «Friluftslivets uke 2020» inviterer Øygarden kommune innbyggjarane til tur med meining der deltakarane ryddar avfall langs strendene og i skjergarden vår.

Folkehelseinstituttet oppmodar alle skular og barnehagar i landet til å ta del i nasjonale halvårlege aksjonar mot hovudlus som blir arrangert årleg i veke 10 og 35. Vår skule skal delta i veke 35, helga 29. og 30. august.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

 

Her er køyretøya som Øygarden brann og redning stilte opp med.

17.mai-feiringa i Øygarden vart annleis i år. Trass i kald nordavind og knapt nok 10 grader, var det godt bunadsvèr og mange hadde funne vegen ut langs vegane for å sjå dei fire kortesjane. Her vil du finna opptak av sendinga, videoklipp frå kortesjane og mange bilete.

 

Etter veker ute av barnehage og skule, kan det vere krevjande å finne tilbake til den vanlege kvardagen. Nokre barn og unge kan kvi seg fordi dei er engstelege for smitte. Andre kan kvi seg for å starte opp att i barnehage og skule fordi det har vore trygt og godt å vere heime.