Branndokumentasjon for Øygarden kommune vedteke av kommunestyret

I møte 21.12.2023 vedtok kommunestyret i Øygarden kommune ny branndokumentasjon for kommunen. 

Ein branndokumentasjon viser korleis kommunen tek i vare sitt ansvar etter §§ 9 og 10 i brann- og eksplosjonsvernloven med tilhøyrande forskrifter.

Forside, branndokumentasjon - Klikk for stort bilete

Øygarden brann og redning har over lang tid arbeidd med ei revidert utgåve av branndokumentasjonen som vart vedteke tilbake i 2017. Då var den for dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Etter at kommunane slo seg saman i 2020, måtte branndokumentasjonen oppdaterast. I tillegg vart tal- og tekstgrunnlag justert, samt at samarbeidsavtalen med Equinor kom inn. 

I møtet der kommunestyret vedtok branndokumentasjon, vart det også lagt inn midlar i driftsbudsjettet for 2024, og i økonomiplanen for 2024 - 2027, slik at tiltak i branndokumentasjonen kan implementerast. Dette vil føre til ei klar oppgradering av beredskapsnivået med mellom anna fleire personar på vakt.

Brann- og redningssjefen er godt nøgd med samarbeidet med kommunedirektøren i denne saka. Eit samarbeid som viser innsikt og forståing for god beredskap både hos kommunedirektøren og eit samrøystes kommunestyre.

Øygarden brann og redning vil i løpet av 2024 - 2026, nå opp til det nivå som er fastsett i branndokumentasjonen.

Du kan lese i branndokumentasjonen her (PDF, 3 MB)