Køyremønster

På grunn av store mengder private bilar i tilknyting til køyring og henting av elevar, samt bussar som bringer og henter elevar, ber vi føresette ta omsyn til anbefalt køyremønsteret. No i den mørkaste tida ber vi og om at elevar har refleks eller refleksvest på seg, også dei som vert køyrd til skulen.

Køyremønster som viser kor du ikkje kan parkera bilen ved Foldnes skule - Klikk for stort bilete

Vi har eit anbefalt køyremønster kring skulen som vi på det sterkaste oppmoar alle føresette til å følgje. Sikring av elevane har høgaste prioritet. Ved å vere tolmodig ved avsetjing, samt følgje oppsett køyremønster, varetek vi både elevane sin tryggleik og omsynet til god flyt i trafikken. Det vert tilbakemeldt til skule og FAU om farlege situasjonar då køyremønsteret ikkje vert oppretthaldt.

Vi ber om at avsetjingsfeltet vert brukt til å sleppe av elevar. Dette gjer du: Køyr så langt fram i feltet som mogeleg før du stoppar, då skapar du rom for dei som kjem bak deg. Skal du følgje elevar opp på skuleplassen parkerar du bilen på parkeringsplassen. Skal du sleppe av elevar på parkeringsplassen bør du parkere før du slepper dei av. Hugs då å sikre at barnet ditt går trygt opp - det er mykje trafikk gjennom parkeringsplassen. Skal andre bringe eller hente barnet for deg må du informere dei om anbefalt køyremønster.

Bilete som viser kor du kan parkera bilen ved Foldnes skule - Klikk for stort bilete
Det vert tilbakemeldt om at det vert køyrt inn i Krokavegen for å sette elevar i hjørnet av skuleplassen der sykkelparkeringa er. For å kome ut igjen må ein snu, og i det oppstår det farlege situasjoanr for elevar som kjem gåande og syklande til skulen. Vi må på det sterkaste oppmoe om at dette ikkje vert gjort. Bruk anbefalt køyremønster, det gir god sikring for alle elevane våre! 

 

Dette er anbefalt køyremønster:

  • Foreldre som berre skal sleppe av elevar, stoppar i den gamle busslomma, køyrer så vidare gjennom parkeringsplassen og ut i Skiftedalsvegen.
  • Foreldre som følgjer og/eller hentar barn, skal parkere bilen på parkeringsplassen.  
  • Ingen må snu i innkøyringa til skulen.
  • Ingen slepp elevar av langs fortauet i Skiftedalsvegen.
  • Alle må være merksam på at det ferdast elevar kring bilar og bussar på parkeringsplassen.

Her kan du lesa meir om køyremønster ved Foldnes skule (PDF, 479 kB)