Informasjon til føresette

Reglar for foreldrevakter

Til foreldrevakter på jule- og sommarball:

Foreldre som har meldt seg til teneste møter i hovudinngang (aulaen) kl. 18.20 til informasjon, utdeling av oppgåver, kjeks og kaffi. To foreldre frå kvar klasse stiller som vakter. Fint om de tar med ei overtrekksdrakt då vi ønskjer «synlege» vakter. Klede i forhold til veret (vaktene vekslar mellom ute- og inneområda).
 
Slik tradisjonen er, begynner ballet (torsdagar) kl. 19.00 og musikken blir slått av ca. kl.23.20. Foreldre hjelper til med rydding undervegs, å demontera musikkanlegget etter bruk og grov utvask av lokalet ved slutten av ballet.
 
Det er tre lærarar til stades under arrangementet. Bussane kjem 23.45 og køyrer frå skulen 24.00.