Til foreldrevakter på jule- og sommarball:
Foreldre som har meldt seg til teneste møter i hovudinngang (aulaen) til informasjon, utdeling av oppgåver, kjeks og kaffi. To foreldre frå kvar klasse stiller som vakter. Fint om de tar med ein gul vest då me ønskjer «synlege» vakter. Klede i forhold til veret (vaktene vekslar mellom ute- og inneområda).
Slik tradisjonen er, begynner ballet (torsdagar) kl. 19.00 og musikken blir slått av ca. kl.23.20. Foreldre hjelper til med rydding undervegs, å demontera musikkanlegget etter bruk og grov utvask av lokalet ved slutten av ballet.
Den vaksne i elevrådet, miljørettleiar og rektor er alltid til stades på arrangementa, i tillegg til to andre tilsette.