Nussa

Nussa = Nevroaffektiv Utviklingspsykologisk Strukturert Sosial Aktivitet.

Ansvarleg: Benedikte Cudmore og Laila Haugsbakk Forland. 

Skuleåret 25/26 vert det grupper måndagar og torsdagar kl.12.15-13.15.  Elevar vil enten få timar her grunna individuell tilrettelagt opplæring (ITO) eller tilbod om deltaking for å styrke deira ressursar.

Kva er NUSSA 

NUSSA står for Nevroaffektiv Utviklingspsykologisk Strukturert Sosial Aktivitet. Programmet baserar seg på nevroaffektiv utviklingspsykologi, og handlar om å vere bevisst kjensler og sosiale ferdigheiter. Programmet skal bidra til å byggje og styrke barns kjensle-, personlighetsmessige og sosiale ressursar gjennom gledefylt, engasjert og strukturert leik, kor barna forbetrar deira relasjonelle ressursar og sjølvinnsikt slik at dei blir meir robuste i møte med psykiske stressfaktorar. 

NUSSA-programmet blir brukt i hovudsak av pedagogar i barnehage, skule og PPR-psykologar som arbeider med barn i aldersgruppa 3-12 år.
 

Innhald i programmet
Innleiing: Det første trinn handlar om å byggje ein trygg relasjon i gruppa, ikkje berre mellom NUSSA-trenaren og barna, men også barna seg imellom.
 

Nivå 1: Rytme, synkronisering og lattervekkande (trinn 2-5) 

Dette nivået handlar om korleis ein gjennom rytme og leik kan etablere eit tillitsfylt forhold til kvarandre, kor man føler at man er saman – og både kan utfordre, glede og samarbeide med kvarandre.
 

Nivå 2: Mine, dine og våre kjensler (trinn 6-9) 

Dette nivået handlar om å hjelpe barnet med å kunne merke positive kjensler som glede og medkjensle, men også merke negative kjensler som sinne, sorg og angsten for å miste. På dette nivå dreier det seg også om å merke disse kjenslene og ha mot til å vise dei til NUSSA-trenaren og dei andre barna.
 

Nivå 3: Stoppe opp, kjenne etter, føle og tenke (trinn 10-13) 

Dette nivået handlar om å hjelpe barnet med å stoppe opp og styre sine eigne impulsar. Barna skal på dette nivå lære seg å inngå i sosiale samspel med felles reglar som skal bli følgt.
 

Nivå 4: Tenke og føle klart over seg sjølv og andre (trinn 14-17) 

Dette nivået handlar om å hjelpe barnet til å mentalisera om seg sjølv og sine relasjonar med andre, både i gruppa, men også utanfor i andre relasjonar. Dette nivået handlar om å støtte barnet si mentaliseringsevne på eit høgare nivå.
 

Avslutning (trinn 18)
Handlar om kva barna synes de har lært, kva dei er nøgd med, misnøgd med, og kva for ønske dei har for framtida.