Kurs i brannvern

Øygarden brann og redning kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har. 

 

Brannkonstabel slukker brann under brannvernkurs utanfor rådhuset i Øygarden på Straume - Klikk for stort bilete

 
Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd, grendalag etc. eller på Ågotnes brannstasjon.

Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse. 

Sløkkjeopplæring

Dei tilsette si innsats dei første minuttane kan avgjere om eit branntilløp utviklar seg til ei katastrofe eller ikkje. Veit du og dine kollegaer korleis de skal handla dersom det oppstår brann?

Opplæringa tek for seg praktisk slukking av brann med skumapparat og brannteppe.  

Brannteori

Dette kurset gjer ein grunnleggjande innføring i enkel brannteori. Tema som belysas er m.a.:

  • Kva er ein brann?
  • Korleis kan ein brann sprei seg?
  • Korleis kan ein sløkkje ein brann?
  • Korleis kan ein førebygge brann?
  • Røykutvikling og spreiing av røyk

Grunnopplæring i brannvern

Dette kurset dekkjer "Sløkkjeopplæring" og "Brannteori".

Evakueringsøvingar

Evakueringsøvingar bør gjennomførast jamleg i alle verksemder. Øygarden brann og redning KF kan legge til rette for/bidra ved desse øvingane og kan, om ønskeleg, leggje inn overraskingsmoment slik at deltagarane opplever øvingane som mest mogleg realistiske. Ein skal midlertidig alltid på førehand undersøkje om det er nokon som bør varslas på grunn av tidlegere sterke opplevingar knytt til brann.

Ved røyklegging nyttar vi eiga røykmaskin med såkalla "teaterrøyk". Denne er heilt ufarleg og etterlet heller ingen film på overflatar.

Fotogalleri frå brannvernkurs

Brannvernkurs for tilsette ved Øygarden rådhus - Klikk for stort bilete
Brannvernkurs for tilsette ved Øygarden rådhus - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Brannvernkurs for tilsette ved Øygarden rådhus. Tilsett slukker brann ved hjelpa av brannslukkingsapparat - Klikk for stort bilete
Brannvernkurs for tilsette ved Øygarden rådhus. Tilsett slukker brann ved hjelpa av brannslukkingsapparat - Klikk for stort bilete
Brannkonstabel tenner på en sekk, tilsette skal slukke brannen ved hjelp av brannteppe - Klikk for stort bilete
Brannkonstabel tenner på en sekk, tilsette skal slukke brannen ved hjelp av brannteppe - Klikk for stort bilete
Tilsett slukker brann ved hjelp av brannteppe - Klikk for stort bilete
Brann i gryte. To brannkonstablar kontrollerer brannen før den skal slukkes - Klikk for stort bilete
Brannkonstabel og gryte med brann - Klikk for stort bilete
Brannkonstabel slukker brann i gryte - Klikk for stort bilete