Rehabilitering av skorstein

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak. Mindre utbetringar reknast som vedlikehald og krev ikkje søknad.

Som døme på vedlikehald kan vere at ein river ned den delen av skorsteinen som er over tak, for så å bygge denne opp igjen. Ein bruker då same type materiale og endrar ikkje på sjølve utforminga av skorsteinen. 

Større endringar av skorsteinen som til dømes nedsetting av foringsrør reknast som rehabilitering og gir ein ny skorstein med nye eigenskapar og godkjenningar. Her er det fleire godkjente løysingar og produkt på markedet. Skal du rehabilitere skorsteinen er det viktig at produktet du vel dekker behova dine og gir ei løysing som er sikker i bruk og som fungerer hos deg.

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak. Søknad sendast til Øygarden kommune.

Les meir på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet om reparasjon av bygningstekniske installasjonar.