Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Øygarden brann og redning utfører feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader.

Feiing av røykpiper skjer stort sett frå tak, men nokre eldre hus har eiga feieluke på loftet. Sot frå pipa samlar seg nedst i pipa og blir teken ut frå sotluka. Feiing er normalt lagt til perioden april - september.

På tilsynet vil feiaren sjekke både eldstad og skorstein for å avdekkje eventuelle feil og manglar som kan redusera branntryggleiken. Tilsyn vert utført gjennom heile året.

Vi veit på grunnlag av tilbakemeldingar frå publikum at brannar er avverga på grunn av tiltak som er sett i verk etter at vi har vore på tilsyn.

Frekvensen på feiing og tilsyn er basert på risiko. Behovet varierer difor frå hus til hus og er avhengig av mellom anna fyringsmønster, type eldstad og type skorstein. Det er feiaren som avgjer kor stort behovet er og han/ho sørgjer for at feiing og tilsyn vert utført etter gjeldane forskrifter

Øygarden brann og redning  fastsett ikkje feie- og tilsynsavgifta. Den blir fastsett av kommunen. Føretaket er berre den utførande eininga for tenesta. Avgifta blir sendt ut kvart år, sjølv om behovet for feiing og tilsyn for eksempel berre er kvart 3. år.

Øygarden brann og redning
E-post