Årsgebyr feiing og tilsyn

Alle som har bustad eller fritidsbustad med eldstad skal betale årsavgift for feiing og tilsyn.

Dette er vedtatt i lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og regulering av feiegebyr for Øygarden kommune.

Her kan du sjå storleiken på gebyret

Gebyr for fyringsanlegg er eit kommunalt gebyr som vert belasta ein gong per år for alle bueiningar (og fritidsbustader) som har eldstad, sjølv om feiing/tilsyn ikkje skjer kvart år. Dette er vedteken i lokal forskrift om feiing og tilsyn samt i gebyrregulativet til Øygarden kommune.

Der det er eldstader tilkopla skorsteinen er kommunen pålagd å føre tilsyn og å feie etter behov og risiko. Detter gjeld og om det er lite eller ikkje i bruk. Det er Øygarden brann og redning som utfører oppdraget for kommunen.

Frekvensen av kor ofte feiing og tilsyn vert utført, er basert på risiko og bruk. Det vil derfor kunne variere ut ifrå fyringsmønster og tilstand på fyringsanlegget kor ofte feiaren kjem til deg. Dersom bruken endrar seg eller du gjer endringar på fyringsanlegget (som å bytte ut eller å sette inn ny eldstad), er det viktig at vi får melding om det slik at vi kan oppdatere vår informasjon. 

Skjema for registrering av ny eldstad

Dersom du ikkje lenger har eldstad kan du sende ein melding om det til: fyringsanlegg@oygarden.kommune.no