Lyngbrenning

Lyngbrenning er eit godt brannførebyggjande tiltak då ein held vegetasjonen nede. Slik brenning inneber likevel ein viss risiko for utmarksbrann. Ansvarlig for brenninga må utarbeide planar og gjennomføre tiltak for å redusere risikoen ved brenninga.

I tida 15. april til 15. september må ein ha løyve frå brannvernet før ein kan gå i gong med lyngbrenning. Fyll ut skjema og send inn i god tid før brenninga tar til. Utanom denne tida vil brannvernet behandle søknaden som ei melding.

Rettleiing og meir informasjon om lyngbrenning finn du her (PDF, 130 kB).

Søknad/melding om lyngbrenning

Sjå her dersom du ønskjer å låne utstyr til lyngbrenning.