Låne utstyr til lyngbrenning

Du kan låne diverse utstyr til lyngbrenning hjå Øygarden brann og redning.

Utstyr til utlån

Stor brannsmekker med langt i gulfarget skaft - Klikk for stort bilete
Brannsmekker med langt skaft i metall - Klikk for stort bilete
Brannsmekker med teleskopskaft i metall - Klikk for stort bilete
Bensindrevet løvblåsere - Klikk for stort bilete
•	Varselskilt om utmarksbrenning med varseltrekant og teksten "Vernebrenning". - Klikk for stort bilete
Rød Driptorch-flaske - Klikk for stort bilete

Lånevilkår

  • Booka utstyr må hentast på Ågotnes brannstasjon, Tranesvegen 15 mellom kl. 1200 og 1500 på vekedagar.
  • Utstyret leverast tilbake på Ågotnes brannstasjon mellom kl. 0900 og 1200 på vekedagar.
  • Lånt utstyr skal grovreingjerast før det leverast tilbake.
  • Opna bensinkanne til løvblåsarane erstattast med ny tilsvarande kanne.
  • Meld frå dersom noko utstyr vert skada/tapt.

Koreleis bestiller du utstyr

Du kan legge inn bestilling på kvart enkelt redskap, på lenkjene i tabellen under.  Dei kan bestillast for 1, 3 eller 5 arbeidsdagar. Eventuelle fridager som ligg mellom vert inkludert. 

❗ Vel du for eksempel å låne utstyret i tre dagar frå ein torsdag, så vert det lagt inn bestilling for torsdag, fredag, (laurdag, søndag) og måndag.

❗ Det er dessverre ikkje mogleg å bestille fleire redskap i sama bestilling. Ein bestilling er eit redskap . Dersom du ønskjer å låne fleire,  må du sende inn fleire bestillingar.

Ønskjer du å låne heile hengeren med fleire av redskapa, så må du sende ei e-post.

Type utstyr og bestilling

Utstyr til lyngbrenning
Type redskap/utstyr Tal Booking-kalender
Brannsmekker av ulike typer (nummerert frå 1 -15) 15 stk. Sjå kva som er ledig og bestill her.
Løvblåsere (nummerert frå 1 -6) 6 stk. Sjå kva som er ledig og bestill her.
Varselskilt om utmarksbrenning (nummerert frå 1 - 2) 2 stk. Sjå kva som er ledig og bestill her.
Driptorch (nummerert frå 1 -4) 4 stk. Sjå kva som er ledig og bestill her.
*Tilhengar med alt utstyr 1 tilhengar med varierande tal på utstyr. Send e-post til lyngbrenning@oygarden.kommune.no dersom du ønskjer å låne tilhengar med diverse utstyr.

NB! Hugs at du også må send inn søknadskjema i god tid før brenninga tar til.

Kontakpersonar

Har du spørsmål, så kan du ta kontakt med:

•    Ove Geir Stusdal, ove.stusdal@oygarden.kommune.no, mob. 480 23 317
•    Jan Gaute Haug, jan.haug@oygarden.kommune.no, mob. 489 90 747