Låne utstyr til lyngbrenning

Du kan låne diverse utstyr til lyngbrenning hjå Øygarden brann og redning.

Utstyr til utlån

Vi har følgjande utstyr til utlån:

  • 24 stk. brannsmekker av ulike typar
  • 6  stk. dryppfakkel stor
  • 5 stk. dryppfakkel liten
  • 13 stk. løvblåsarar
  • 4 stk. gassbrennarar
  • 4 stk. vannsekkar 
  • 4 stk. varselskilt om vernebrenning
  • 1 stk. ryggtrykksprøyte
  • 2 stk. ugressbrennarar
  • 3 stk. tilhengarar

De kan låne enkelt utstyr eller ein kan låne ein hengar med utstyr.

 

Bensindrevet løvblåsere - Klikk for stort bilete
•	Varselskilt om utmarksbrenning med varseltrekant og teksten "Vernebrenning". - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Lånevilkår

  • Booka utstyr må hentast på Ågotnes brannstasjon, Tranesvegen 15 mellom kl. 1200 og 1500 på vekedagar.
  • Utstyret leverast tilbake på Ågotnes brannstasjon mellom kl. 0900 og 1200 på vekedagar.
  • Lånt utstyr skal grovreingjerast før det leverast tilbake.
  • Opna bensinkanner til løvblåsarane erstattast med ny tilsvarande kanne.
  • Meld frå dersom noko utstyr vert skada/tapt.

Koreleis bestille utstyr?

Utstyr bestillast ved å sende e-post til lyngbrenning@oygarden.kommune.no.  Opplys om følgjande i e-posten:

  • Kva og kor mykje utstyr du vil låne
  • Kor lenge du vil låne utstyret, frå dato til dato. Maks lånetid er 7 dagar. 
  • Namn og telefonnummer

NB! Hugs at du også må send inn søknadskjema i god tid før brenninga tar til.

Kontakpersonar

Har du spørsmål, så kan du ta kontakt med:

•    Ove Geir Stusdal, ove.stusdal@oygarden.kommune.no, mob. 480 23 317
•    Jan Gaute Haug, jan.haug@oygarden.kommune.no, mob. 489 90 747