Hald det ryddig rundt huset
Hald graset kort og fjern kratt, buskar og anna vegetasjon nær huset. Dette reduserer faren for at brannen kan spreie seg til bygningar.
Fjern brennbart materiale
Ved, gassflasker, avfallsbehaldarar og anna brennbart materiale bør plasserast i god avstand frå bygningar.
Sørg for god tilgang
Brannvesenet må raskt kunne kome fram ved ein brann. Hald tilkomstvegar opne og sørg for at husnummer er godt synlege.
Førebygging er viktigast
Enkle tiltak på eigen eigedom kan vere avgjerande for å hindre at ein utmarksbrann spreier seg til bustader. Særleg i tørre og vindfulle periodar er det viktig å vere merksam og bidra til å redusere brannfaren.
Les meir hos DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har laga ein plakat med praktiske råd om korleis du kan redusere risikoen for at utmarksbrann spreier seg til bustader og andre bygningar. Ta gjerne ein titt og vurder kva tiltak som kan vere aktuelle på din eigedom.
Sjå DSB sin plakat om vern av bustader mot utmarksbrann.