Vel ein trygg stad
Bålet må plasserast med god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale. I tida 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark, dette gjeld og sankthansbål. Det er likevel lov å gjere opp eld når det openbart ikkje kan bli brann. Dette kan til dømes være at det har regna særs mykje og at det difor er svært vått i marka.
Følg med på vêret
Sterk vind og tørke aukar risikoen for brannspreiing. Er det tørt og vindfullt, bør bålet utsetjast eller avlysast.
Ha sløkkemiddel klart
Tilgang på vatn, hageslange eller anna sløkkjeutstyr er nødvendig før du tenner opp.
Ansvar for bålet
Den som tenner bålet har ansvar for tryggleiken. Bålet må aldri forlatast utan tilsyn.
Sløkk godt etterpå
Når arrangementet er over, må bålet sløkkjast heilt. Glør kan ulme lenge og føre til brann i ettertid.
Her kan du lese meir om tryggare bålbrenning.
Ha ei trygg og god sankthansfeiring