- Speed date fungerte godt

Rundt hundre personar møtte opp på den andre jobbmessa i lokala til Øygarden vaksenopplæring på tysdag.
- Eg har delteke på to, og er no klar for det tredje møtet, seier Iryna Kostiukova som opplevde speed date som ein god måte å koma i kontakt med bedriftene på.

Iryna Kostiukova hadde speed date med mellom anna Grøntponics. - Klikk for stort bileteIryna Kostiukova hadde speed date med mellom anna Grøntponics.

Dette er andre gongen det vert arrangert jobbmesse. Etter den første jobbmessa den 9. mai fekk ti arbeidssøkjarar arbeid i ettertid.

Iryna hadde avtale speed date med Coast Center Base (CCB), Grøntponics (anleggsgartnar) og Øygarden kommune.

- Det var lett å snakka med bedriftene. Sjølv bur eg på Kleppe, og det er fint om det ikkje vert for lang arbeidsreise. Eg har erfaring frå ei turistbedrift sør i Ukraina nær Krim. Eg har hatt praksis på biblioteket her på Straume, og kan starta i ny jobb i morgon, seier Iryna Kostiukova.

Det var varaordførar Torill Selsvold Nyborg som stod for den offisielle opninga av jobbmessa.

- Dette er ein stor og viktig møtedag for dykk som har kome til Noreg og Øygarden kommune og ser etter arbeid. Og det er ein stor dag for næringslivet her i kommunen som stiller opp med kompetanse, råd og moglegheit for arbeid. På vegner av Øygarden kommune vil eg takka næringslivet og alle bedrifter som stiller opp på jobbmessa. De viser eit godt samfunnsengasjement. Eg vil også takka alle dykk som har kome for å få informasjon om dei moglegheitene de har til å få jobb, sa varaordføraren.

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg - Klikk for stort bileteVaraordførar Torill Selsvold Nyborg ønskte deltakarane på jobbmessa velkomen.

Positivt overraska

Kurt Fjeld er leiar for driftsstøtte i CCB og var ei av dei 12 bedriftene som hadde utstilling.  CCB hadde også tilbod om speed date.

- Eg er overraska over at det er så stort oppmøte. Her er mange kvalifiserte personar, seier han.

Fjeld meiner det kan vera ei utfordring for jobbsøkjarane at bedriftene er grundige og krev mykje dokumentasjon.

- For å sikra tryggleiken, må vi ha dokumentasjon på kompetansen. Vi burde kanskje blitt litt flinkare til å ta inn folk på jobbtrening. Skal det fungera, må vi bruka tid på å følgja opp dei som er lærlingar og på jobbtrening. For oss er den koordinerande rolla til NAV viktig, seier Fjeld.

Kateryna Skyian er mor til tre jenter og har flykta frå krigen i Ukraina. Ho var ein av dei som samtalte med Kurt Fjeld.

- Eg har gått i norskklasse på vaksenopplæringa, og er klar til å starta i jobb i morgon, seier Kateryna som har erfaring frå bilsal, resirkulering, blomstersal og underhaldning.

Det er prosjektmedarbeidar i Ukraina-prosjektet, Kirsten Syljeset, som har koordinert jobbmessa.

- Rundt hundre personar har møtt opp i dag. 12 bedrifter har utstilling, og seks bedrifter tilbyr speed date. Deltakarane har tinga time på speed date på førehand. Det har skapt god orden på køen, seier Syljeset.

Her er fleire bilete:

Samtale - Klikk for stort bilete
Samtale - Klikk for stort bilete
Samtale - Klikk for stort bilete
Representant for kommunen som tilbyr speed date - Klikk for stort bilete
Samtale - Klikk for stort bilete
Samtala - Klikk for stort bilete
Glade gutar - Klikk for stort bilete
Samtale - Klikk for stort bilete
Samtale - Klikk for stort bilete
Keteryna Skyian og Kurt Fjeld (CCB) - Klikk for stort bilete
speed date - Klikk for stort bilete
Kirsten Syljeset - Klikk for stort bilete
Gruppe deltakarar - Klikk for stort bilete

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke