Du kan bruke Vigilo i nettlesar via foreldreportalen og som app på mobil og nettbrett.
Pålogging Vigilo foreldreportal
Innhald
Her finn du meir informasjon om:
- Kva er Vigilo?
- Kvifor bruker Øygarden kommune Vigilo?
- Kvar kjem opplysningane i Vigilo frå?
- Kven har tilgang til Vigilo?
- Korleis kome i gang?
- Samtykke i Vigilo
- Kva slags informasjon kan delast i Vigilo?
- Skule og SFO – nyheiter, meldingar og fråvær i Vigilo
- Barnehage – nyheiter, meldingar og fråvær i Vigilo
- Vigilo hjelpesenter
- Barn og elevar sine personrettar
- Tilgjengeligheitserklæring
- Ofte stilte spørsmål (FAQ)
Vigilo er Øygarden kommune sitt digitale oppvekstsystem som blir brukt til administrasjon og kommunikasjon i barnehage, skule og SFO.
Løysinga gir føresette trygg tilgang til informasjon om eigne barn, og blir nytta til sikker dialog mellom føresette og tilsette.
I Vigilo kan føresette mellom anna:
- sende og ta imot meldingar
- få informasjon frå barnehage, skule og SFO
- svare på samtykke og førespurnader
- sende og følgje søknader (til dømes om SFO/barnehage plass, endringar, redusert foreldrebetaling, søknad om permisjon frå undervisning m.m.)
Vigilo kan brukast både i nettlesar (foreldreportalen) og som app på mobil og nettbrett.
Øygarden kommune behandlar personopplysningar om barn og føresette. Personvern og informasjonssikkerheit er avgjerande.
Forvaltningslova, personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR) stiller strenge krav til korleis slike opplysningar skal handterast.
For å sikre trygg og forsvarleg handsaming av personopplysningar, nyttar kommunen Vigilo. Vigilo har ei eiga, sikker kommunikasjonsløysing som skal brukast for digital dialog mellom føresette og barnehage, skule og SFO. All kommunikasjon skjer bak sikker innlogging og erstattar mindre sikre kanalar som e-post, SMS og ranselpost.
Vigilo hentar personopplysningar frå:
- Folkeregisteret (FREG)
- Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR)
Dette omfattar mellom anna namn, fødselsnummer, adresse, e-postadresse, telefonnummer, familierelasjoner og foreldreansvar.
I tillegg blir det registrert opplysningar som kommunen sjølv behandlar, til dømes fråvær, karakterar, søknader og annan dokumentasjon knytt til barnehage, skule og SFO.
Opplysningar som føresette deler med barnehage, skule eller SFO via Vigilo, blir òg lagra i systemet.
Viktig:
Føresette har sjølve ansvar for at opplysningane i Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) er riktige og oppdaterte. Verken barnehagen, skulen, SFO eller kommunen sentralt kan endre desse opplysningane.
Føresette med foreldreansvar
Berre føresette med registrert foreldreansvar i Folkeregisteret får automatisk tilgang til informasjon om eigne barn i Vigilo.
Hovudregelen er at føresette med foreldreansvar har rett på same informasjon frå barnehage og skule jf. Barnelova § 47.
Foreldre som har foreldreansvar, har rett til opplysningar om barnet når dei bed om det. Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har òg rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.
Endringar i foreldreansvar må meldast til Folkeregisteret.
Andre nære omsorgspersonar
Nokre barn har nære omsorgspersonar utan foreldreansvar, men som har ei viktig rolle i kvardagen. Dersom føresette ønskjer at slike personar skal få tilgang til relevant informasjon i Vigilo, må dei ta kontakt med barnehagen eller skulen.
Tilgang kan berre bli gitt dersom alle føresette med foreldreansvar samtykkjer.
Vigilo foreldreportal
Vigilo foreldreportal er Vigilo brukt i nettlesar på mobil, PC, Mac, Chromebook eller nettbrett. Du går til www.vigilo.no og vel «Logg inn» øvst til høgre, vel Øygarden kommune før du loggar inn via ID-porten for trygg og sikker pålogging.
I foreldreportalen kan du mellom anna:
- sjå siste nytt og informasjon (nyheiter)
- sjå personalia og grunnleggjande opplysningar om barnet/eleven
- sende og lese meldingar
- registrere og sjå oversikt over fråvær
- sende søknader (til dømes permisjon frå undervisning, søkje SFO-plass, endring/oppseiing av SFO eller barnehageplass
- sjå, svare på og trekkje samtykke
- sjå timeplan
- registrere hentemeldingar for SFO
Vigilo app
Vigilo-appen er tilgjengeleg for iOS og Android, og kan lastast ned gratis frå App Store eller Google Play.
Ved første innlogging vel du Øygarden kommune og loggar inn via ID-porten. Deretter opprettar du ein firesifra PIN-kode. Dersom eininga støttar fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning, kan dette aktiverast i staden for PIN-kode.
Du må logge inn via ID-porten første gong du brukar ei ny eining, og dersom det er 15 dagar sidan sist innlogging.
I appen kan du:
- sjå siste nytt og informasjon (nyheiter)
- sende og lese meldingar
- registrere hentemeldingar for SFO
- melde fråvær
Appen er tilpassa rask og enkel bruk i kvardagen.
Kommunen bruker Vigilo til å innhente samtykke frå føresette, til dømes i samband med aktivitetar, publisering eller andre forhold som krev samtykke.
Samtykke er berre tilgjengeleg i Vigilo foreldreportal, ikkje i appen.
Årlege samtykke
Ved starten av kvart barnehage- og skuleår må alle føresette svare på årlege samtykke. Du får melding i Vigilo med rettleiing.
Det kan i tillegg kome nye samtykke i løpet av barnehage- eller skuleåret, til dømes i samband med aktivitetar, arrangement eller andre forhold som krev samtykke frå føresette.
Rettleiing til korleis du svarar på samtykke i Vigilo finn du her i Vigilo sitt hjelpesenter.
Endring eller tilbaketrekking av samtykke
Du kan når som helst trekkje eit samtykke i foreldreportalen.
Viktig:
Når eit samtykke blir trekt, får ikkje barnehagen eller skulen automatisk varsel.
Du må derfor straks sende melding i Vigilo eller ta kontakt med skulen eller barnehagen og informere om endringa.
Kven må samtykkje?
Dersom eit samtykke krev at alle føresette med foreldreansvar må samtykkje, vil dette vere tydeleg opplyst i det enkelte samtykket.
Døme på samtykke i Vigilo kan mellom anna gjelda dette:
- transport i regi av barnehagen eller skulen
- bruk av bilete i skulekatalog
- publisering av bilete eller film på kommunen si heimeside
- bruk av bilete og film til internt føremål
- utdeling av jodtablettar ved atomhending
- andre aktivitetar eller tiltak som krev samtykke frå føresette
Vigilo skal brukast til vanleg dialog og informasjon knytt til barnet.
Særlege kategoriar av personopplysningar etter GDPR skal ikkje delast i Vigilo, mellom anna:
- opplysningar om rasemessig eller etnisk opphav
- opplysningar om politisk oppfatning
- opplysningar om religion eller filosofisk overtyding
- opplysningar om fagforeiningsmedlemskap
- genetiske opplysningar
- biometriske opplysningar (når føremålet er entydig identifisering av ein person)
- opplysningar om seksuelle forhold eller seksuell legning
- helseopplysningar
Dersom det er nødvendig å dele slik informasjon, må du ta direkte kontakt med skulen eller barnehagen for å avtale trygg formidling.
Kommunikasjonsløysinga er ikkje meint som erstatning for det fysiske møtet mellom føresette og skulen eller barnehagen. Det er framleis høve til å ringe eller be om eit eige møte.
8.1 Nyheiter
Skulen kan publisere informasjon til føresette under Siste nytt i Vigilo foreldreportal og Nyheiter i Vigilo appen.
Innlegga kan innehalde tekst, bilete og vedlegg, og blir hovudsakleg brukt til informasjon som gjeld fleire elevar, til dømes ei klasse, eit trinn eller heile skulen.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
8.2 Meldingar
Føresette kan sende og lese meldingar i Vigilo for dialog med skulen og SFO.
- Meldingar til skulen kan sendast til tilsette eller svarast på i eksisterande meldingstrådar.
- Når du sender melding skulen, er kontaktlærar(ar) førehandsvalt som mottakar. Det er berre mottakar(ar) og skuleleiinga som kan sjå og svare på meldingar.
- Ver merksam på at meldingar som blir sende til SFO, kan lesast av alle tilsette ved den aktuelle SFO eininga.
- Medføresette til same barn kan veljast som mottakar og vil då sjå meldinga.
- Det er ikkje mogleg å inkludere andre føresette som ikkje er registrerte på barnet i Vigilo.
Merk:
Enkelte typar opplysningar skal ikkje delast i Vigilo. Sjå punktet «Kva slags informasjon kan delast i Vigilo.»
Meldingar og vedlegg du har sendt, kan du ikkje sjølv slette. Dersom du ønskjer sletting, må du ta kontakt med skulen eller barnehagen. Ver merksam på at meldingar kan vere arkivpliktige og bli lagra i kommunen sine arkivsystem.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
8.3 Melde fråvær
Dersom barnet er borte frå skulen/SFO, melder du fråvær i Vigilo.
- Dersom barnet går på skule og har aktiv SFO-plass, kan du melde fråvær til begge einingane samtidig.
- Fråvær blir meldt via funksjonen Registrere fråvær nede til høgre i Vigilo-appen.
- Ved fråvær delar av ein skuledag:
- skru av brytar for heile dagen under skulen sitt namn
- vel aktuelt tidsrom
Fråværsmeldingar kan lesast av kontaktlærar, skuleleiing og barnet sine registrerte føresette.
Fråvær meldt til SFO kan lesast av tilsette som handsamar fråvær.
I kommentarfeltet skal du ikkje utdjupe meir enn nødvendig. Bruk gjerne korte formuleringar som «Sjuk», «Tannlege» eller «Gravferd».
Fråværsmeldingar kan ikkje slettast av føresette. Ta kontakt med skulen eller SFO dersom det er behov for sletting. Ver merksam på at meldingar kan vere arkivpliktige og bli lagra i kommunen sine arkivsystem.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
9.1 Nyheiter
Styrar eller andre tilsette i barnehagen kan publisere informasjon under Siste nytt i Vigilo foreldreportal og Nyheiter i Vigilo app.
Innlegga kan innehalde tekst, bilete og vedlegg, og blir hovudsakleg brukt til informasjon som gjeld fleire barn, til dømes ei avdeling eller heile barnehagen.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
• Nyheiter i Vigilo foreldreportal
• Nyheiter i Vigilo app
9.2 Meldingar
Føresette kan sende og lese meldingar i Vigilo for dialog med barnehagen.
- Meldingar kan sendast til barnehagen eller svarast på i eksisterande meldingstrådar.
- Vær oppmerksom på at meldinger som blir sende til barnehagen, kan lesast av alle tilsette ved den aktuelle barnehagen.
- Medføresette til same barn kan veljast som mottakar og vil då sjå meldinga.
- Det er ikkje mogleg å inkludere andre føresette som ikkje er registrerte på barnet i Vigilo.
Same reglar for informasjon som ikkje skal delast i Vigilo, gjeld også her.
Meldingar og vedlegg kan ikkje slettast av føresette. Ta kontakt med barnehagen ved behov for sletting. Ver merksam på at meldingar kan vere arkivpliktige og bli lagra i kommunen sine arkivsystem.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
9.3 Melde fråvær
Dersom barnet er borte frå barnehagen, melder du fråvær i Vigilo via funksjonen Registrer fråvær.
- Fråværsmeldingar kan lesast av tilsette som handsamar fråvær i barnehagen.
- I kommentarfeltet skal du ikkje utdjupe meir enn nødvendig.
Fråværsmeldingar kan ikkje slettast av føresette. Ta kontakt med barnehagen dersom det er behov for sletting. Ver merksam på at meldingar kan vere arkivpliktige og bli lagra i kommunen sine arkivsystem.
Hjelpeartiklar i Vigilo hjelpesenter:
• Sende fråværsmelding i Vigilo foreldreportal
• Sende fråværsmelding i Vigilo app
I Vigilo sitt hjelpesenter finn du rettleiing og e-læring for føresette, med steg-for-steg-forklaringar på vanlege funksjonar i Vigilo.
• Hjelpesenter Vigilo - Føresette
• E-læring føresette - Vigilo
• Utdanningsdirektoratet skildrar barn og unge sine personvernrettar.
• For innsyn i personopplysningane kan du sende inn søknadsskjema til kommunen.
• Her finn du generell informasjon om kommunen si handsaming av personopplysningar.
• Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo Foreldre- og elevportal
• Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo Android
• Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo iOS
Du får tilgang til Vigilo for den nye barnehagen eller skulen når barnet har starta der. Ta kontakt med ny barnehage eller skule dersom du har spørsmål.
Tilgang blir gitt ut frå opplysningar om foreldreansvar i Folkeregisteret. Dersom du ikkje er registrert med foreldreansvar, har du heller ikkje tilgang til barnet ditt i Vigilo. Sjå Kven har tilgang til Vigilo.
Dersom du tidlegare har hatt tilgang, kan tilgangen ha blitt deaktivert. Ta kontakt med skulen eller barnehagen for nærare avklaring.
Innlogging i Vigilo krev innlogging via ID-posten (til dømes BankID). Har du ikkje dette, må du ta kontakt med skulen eller barnehagen. Kommunikasjon må då skje på annan måte enn via Vigilo.
Som føresett kan du sjå oversikt over fakturaer for barnet ditt i SFO eller barnehage i Vigilo foreldreportal (nettlesar).
Slik gjer du det:
- Logg inn i Vigilo (www.vigilo.no) i nettlesar på mobil, PC, Mac eller Chromebook
(NB! Dette kan ikkje gjerast i Vigilo-appen) - Vel barnet det gjeld
- Vel Fakturaer i menyen
- Informasjon om deg som fakturamottakar blir vist øvst
- Du får oversikt over registrerte fakturaer
- Klikk på ein periode for å sjå detaljar
Endring blir gjort i Vigilo foreldreportal (ikkje app).
- Logg inn i Vigilo i nettlesar
(NB! Dette kan ikkje gjerast i Vigilo-appen) - Vel barnet det gjeld
- Gå til Søknader
- Vel Endre SFO-modell eller Endre opphaldstid barnehage
- Følg stega i skjemaet
Oppseiing blir gjort i Vigilo foreldreportal (ikkje app)
- Logg inn i Vigilo i nettlesar
(NB! Dette kan ikkje gjerast i Vigilo-appen) - Vel barnet det gjeld
- Gå til Søknader
- Vel Oppseiing SFO/barnehage
- Følg hjelpeteksten i skjemaet