Band frå kulturskulen opptrer under UKM
Hilde Kristin Egeland
Band er eit samspeltilbod til elevar som får undervisning på bandinstrument (gitar, bassgitar, slagverk, tangentinstrument) eller andre displinar som er aktuelle i bandsamanheng (song, fløyte, blåseinstrument, fiolin) og ønsker å spele i band.
Du treng ikkje væra instrumentalelev i kulturskulen for å delta, men det er viktig at du har mulighet til å jobba med musikken på eiga hand mellom øvingane.
Undervisninga er på Liljevatnet onsdagar kl 1845-1945
Lærar er Hallgeir Fiskaaen
Pris/eigenandel for dette tilbodet er 1000,- kr pr. halvår.
For meir info og påmelding sjå her.