Pris for Øygarden kulturskule

Prisar per år for Øygarden kulturskule.

Prisar per år for Øygarden kulturskule
Grunnlag Pris per år
Per elevplass 3600
Søsken elevplass 2950
Instrumentleige 1150
Kontingent kulturskulekoret 2000

Kontingenten skal betalast på forskot når faktura vert motteke. Dersom du vil unngå å betale for ein ubrukt plass for hausthalvåret, må plassen seiast opp i samband med vidaremelding/re-registrering om våren – seinast 1. juni. For vårhalvåret er oppseiingsfristen 1. desember.

Kulturskulen er delvis finansiert av elevkontingenten. Denne skal betalast forskotsvis kvart halvår. Faktura kjem normalt i oktober for hausthalvåret, og i mars for vårhalvåret. Kontingenten kan endrast som følgje av kommunalt vedtak.

Friplass

Dersom føresette til eleven av økonomiske årsaker ikkje greier å betala kontingent (for eksempel ved låg inntekt), kan de søkja om dette ved å senda epost til rektor i kulturskulen. Det må søkjast om dette for kvart skuleår. Søknad må grunngjevast. Søknad må sendast så tidleg som mogleg for kvart skuleår, seinast 14 dagar etter oppstart.

Øygarden kulturskulekor

Øygarden kulturskulekor har eit tilleggskontigent og innkrev separat av korstyret (fortida kr 100,- pr år), som dekker medlemskap i UngiKor og gir koret økonomisk grunnlag for aktivitetar som korturar og liknande.

Artikkelliste