Band

Band er eit tilbod til elevar som får undervisning på bandinstrument (gitar, bassgitar, slagverk, tangentinstrument) eller andre displinar som er aktuelle i bandsamanheng (song, fløyte, blåseinstrument, fiolin) og ønsker å spele i band.

Det er eit vilkår for å vere med i band at eleven får undervisning på instrumentet sitt, slik at utfordringar som er aktuelle i bandet kan bli løyst i samarbeid med læraren. 

Det er ikkje nødvendigvis eit hinder at ein får undervisning ein annan stad enn i kulturskulen, spesielt dersom kulturskulen ikkje tilbyr undervisning i instrumentet (t.d. saxofon, trompet el.l.). I så fall bør du skrive om dette i merknadsfeltet.

Du bør vere 11 år for å delta på dette tilbodet.

 

Tid | Stad

Onsdagar kl. 18.45 - 19.45 | Liljevatnet, scenen

Søk om plass

Fotogalleri

Hallgeir Fiskaaen
Lærar
E-post