Pengeseddel
Magnus Vik Fjordheim
I kommunestyremøtet 11. desember vart kommunedirektøren sitt budsjett vedteke.
Deriblant er det vedteke nye årlege satsar for eigenandel i kulturskulen (gamle satsar står i parentes):
Eigenandel for elevplass: 3800 kr (3600 kr)
Eigenandel for elevplass med søskenmoderasjon: 3100 kr (2950 kr)
Eigenandel for kulturskulekor, band og fordjupningsøkt dans: 2100 kr (2000 kr)
Eigenandel for instrumentleige: 1200 kr (1150 kr)
Utsett oppseiingsfrist
Etter elevreglementet vil dette innebera utsett oppseiingsfrist i 15. dagar.
Ny oppseiingsfrist for å sleppa faktura for vårhalvåret er dermed 21. januar.
NB: Nye elevar har alltid 2 gratis prøvetimar, utan at det medfører krav om betaling.
Hugs at de seier opp plassen før 3. tilgjengelege undervisningsøkt, dersom de ikkje vil betala faktura for våren.
For dei som lesa meir om budsjettet, klikk her.