Gledingskule

På Knappskog skule har vi bestemt oss for å bli ein gledingskule.

Målet med gledingsskule er at vi ønsker eit fokus på det vi vil ha meir av på skulen. Elevane skal ikkje vere glade heile tida, men vi vil heller fokusere på det vi vil ha meir av enn det vi ikkje vil ha. Vi ønsker å gi elevane reiskapar for livsmeistring og utruste dei for dei utfordringane dei vil møte i livet. 

I gledingskule er føresette viktig. Det er viktig at vi jobbar saman for at alle barn skal kjenne seg inkludert og at alle skal ha eit godt og trygt skulemiljø.

De finn meir informasjon om gledingskole under "Gledingskole" her på heimesida. Der ligg også ein PDF som er tenkt som hjelp til føresette som har uro eller utfordringar med tanke på barna sine.

Der kan du lese meir om kva ein kan gjere om:

 

Barnet mitt har ingen venner på skolen. 

Barnet mitt vil ikkje gå på skolen. 

Barnet mitt oppfører seg ofte dårleg på skolen. 

Barnet mitt mobbar andre. 

Barnet mitt blir mobba. 

Barnet mitt vil berre game. 

Barnet mitt går i vranglås når vi skal gjere lekser 

Barnet mitt fortel ingenting om dagen sin. 

Barnet mitt opplever at dei vaksne på skolen ikkje likar han/henne. 

Barnet mitt tek ikkje kontakt med andre barn etter skoletid. 

Barnet mitt kjedar seg på skolen. 

Barnet mitt får ikkje sove på kvelden.