Søkje, svare, endre eller seie opp barnehageplass

Nytt barnehageår startar i august. For å ha rett på barnehageplass frå august, må du søkja innan 1. mars og barnet må vere fylt eitt år innan 30. november. Du kan søkja om plass i private og kommunale barnehagar. Om du søkjer barnehageplass etter 1. mars, vert du sett på venteliste og får tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.

Viktig å vita før du søkjer

Søk om barnehageplass

Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Du kan søkja om barnehageplass i Øygarden kommune uansett kor i landet du bur, men barn som bur i Øygarden kommune, vert prioritert.

Søkje, svare, endre eller sei opp barnehageplass

Svar på søknad

Om du søkjer barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars, vil du få svar i slutten av mars eller innan starten av mai.

Søkjer du etter 1. mars, vert du sett på venteliste og får tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.

Oppseiing av plass

Du seier opp barnehageplassen elektronisk. Nokre private barnehagar krev i tillegg at det vert sendt skriftleg oppseiing direkte til barnehagen. Dersom du får problem med innlogging, kan du sende oppseiing via e-post til barnehagen barnet har plass i. 

Reglane for oppseiing gjelder frå barnehageplass er motteken.

I kommunale barnehagar er det ein månad gjensidig oppseiing frå den 15. i kvar månad. Vert plass sagt opp etter 14. mai må det betalast ut barnehageåret. Private barnehager har eigne regler for oppseiing. Les om dette i den einskilde barnehagen sine vedtekter.

Oppseiing før oppstart

Vanlege reglar gjeld for oppseiing og betaling sjølv om du ikkje har teke i bruk barnehageplassen.

Klage

Foreldre/føresette har høve og rett til å klage på tildeling av barnehageplass. Klageretten gjeld for dei som har søkt innan søknadsfristen (01.03) og har rett på eit tilbod om barnehageplass- dersom ein ikkje har fått innvilga sitt 1. eller 2. val, eller ikkje har fått oppfylt retten til barnehageplass. Klage vert sendt Øygarden kommune. Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage skildrar klageretten og saksgangen til foreldra.