Betaling for barnehageKort fortalt Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen. Kostnad for mat kjem i tillegg. Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre. Familiar med låg inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling. Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eitt år om gongen. Ein må søkja på nytt for kvart barnehageår. Du betalar for elleve månader i året. Det er betalingsfri i juli. Pris for barnehageplass Makspris for ein barnehageplass vert bestemt av Stortinget. Frå 1. januar 2022 er maksprisen for foreldrebetaling kr. 3 315,- per månad for heiltidsplass. Matpengar kjem i tillegg til det du betaler for barnehageplassen. Pris og betaling - Barnehageplass 2022 Plasstype Pris 2022 pr. mnd (11 betalingsterminar pr. år) Inntil 50 t/v 3 315 Kostpengar (kommunale barnehagar) 300 Ved for sein henting, per påbegynte halvtime, kr. 270 per barn (kommunale barnehagar). Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon ved for sein henting av fleire barn. Redusert foreldrebetaling Ordninga gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betala meir enn 6 % av brutto årsinntekt for eín barnehageplass. Her finn du meir informasjon om redusert foreldrebetaling Søskenmoderasjon Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen betalar mindre. Det blir trekt 30 prosent frå månadsprisen for barn nummer to, og 50 prosent frå månadsprisen frå ytterlegare barn. Det er ikkje nødvendig å søkja om ordninga, men pass på at det er den same føresette som står oppført som "Føresett 1" på alle barn i opptakssystemet. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO. Ikkje betalt faktura Kommunale barnehagar: Manglande betaling for barnehageplass vil medfører at kravet vert sendt til inkasso. Kommunen kan varsle om oppseiing av plassen ved vesentleg mislighald. Private barnehagar: I private barnehager gjeld den einskilde barnehage sine vedtekter og reglar vedrørande betaling. Lovar og reglar Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar Publisert 20.08.2019 07.44 Sist endra 05.01.2022 09.06