Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt.
Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.
Søkja, endra eller seia opp plass i SFO
Opningstid
Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Rong, Toftøy og Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her
Ferie-SFO
Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien.
Betaling for SFO-plass
Prisar per månad for SFO-plass.
Søskenmoderasjon
- Barn nr 2 - 30 %
- Barn nr 3 og oppover - 50 %
NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.