Elevråd

3. og 7. trinn deltek i elevrådet med ein representant frå kvar klasse. Kvar representant har ein vara som stiller ved fråfall. Elevrådet har måndlege møter. Alle klassar har klassemøte og sender behandlar saker til og frå elevrådet.

Elevråd 2019-2020

Elevrådskontakt: Solveig Foldnes Dybsland
E-post: solveig.dybsland@oygarden.kommune.no

§11-2 Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for trinna 8-10 vere eit elevråd med ein representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet, eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings – og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.