Prosjektet bygger på nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet for barn og unge, nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen, læreplanen med tverrfagleg emne og kompetansemål, nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon- og skulehelsetenesta og nasjonale faglege råd om lokale folkehelsetiltak. Hensikta til prosjektet er å arbeide tverrfagleg og systematisk for å skape bevissthet om fysisk aktivitet og smart mat for god helse hos føresette, elevar og tilsette i skulen og gjennom dette bidra til læring, trivsel og eit godt psykososialt miljø.
Prosjektet har henta inspirasjon frå andre kommunar og fylkeskommunar som jobbar med helsefremming i skule. Blant anna Liv og Røre i Vestfold og Telemark, HOPP-prosjektet i Horten kommune, ASK-prosjektet i Sogndal og helsefremmende barnehager og skoler i Nordland fylkeskommune.
Kriterier
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 min kvar dag
- Nasjonale retningslinjer for mat og måtid i skulen blir fulgt
- Skulen har ei tilfredsstillande tverrfagleg skulehelseteneste
- Skulen og skulehelsetenesta har eit systematisk samarbeid
- Skulen har gode rutiner for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og foresatte
- Skulen gjev opplæring i levevanar og har arbeidsmetodar som fremmar helse
Kriteriene er utarbeida etter inspirasjon frå kriterier for helsefremjande skular i Nordland fylkeskommune og veileder for Liv og Røre i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Retningslinjer
Det blir ofte mange sosiale arrangement i løpet av eit skuleår. Målet med retningslinjene er å påverke til å ta smartare val når det kjem til avslutningar, idrettsdag, turdagar, belønning m.m. i skulesamanheng. Retningslinjer for arrangement (lenke).