Om oss

Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med om lag 300 elevar fordelt på 13. klassar.

Foldnes skule - Klikk for stort bilete

Foldnes skule har ein byggmasse på tre bygg:

  • «Det raude huset» inneheld SFO, og klasseromma til 1., 2. og 3. trinn, samt alle spesialrom.
  • «Det blå huset» inneheld klasseromma til 5. ,6. og 7. trinn.
  • «Det grøne huset» inneheld administrasjon, samt klasseromma til 4. trinn.

Bygga har fått namna etter fargane på vindaugskarmane.

Visjon

Foldnes skule fremjar kunnskap, meistring og begeistring i eit trygt og triveleg læringsmiljø.

Vår skuledag

Skuledagen startar kl 08.35 for alle klassar. Klassene er ferdig på ulike tidpunkt.

1. klasse

  • kl. 13.15 måndag t.o.m. fredag
  • kl. 12.00 tysdag

2., 3. og 4. klasse

  • kl. 13.15 måndag t.o.m. fredag

5. og 6. klasse

  • kl. 14.00 måndag, onsdag og torsdag
  • kl. 13.15 tysdag og fredag

7. klasse

  • kl. 14.00 måndag, onsdag, torsdag og fredag
  • kl. 13.15 tysdag

Fotogalleri

Skuleplassen til Foldnes skule - Klikk for stort bilete
Skuleplassen til Foldnes skule - Klikk for stort bilete
Trappa opp til Foldnes skule - Klikk for stort bilete
Gymsalbygg ved Foldnes skule - Klikk for stort bilete

Trivselsreglar

På skulen er alle like viktige og verdifulle!

Alle er vi forskjellige, men vi skal vise respekt for kvarandre.

Alle på skulen vår:

  • Samarbeida og viser omsorg.
  • Oppmuntrar og hjelper kvarandre.
  • Kjem fram til semje om felles løysningar i arbeid og lek.

Vi tek ansvar for:

  • Eigne handlingar.
  • Eiga læring.
  • For ro og orden.

Vi er:

  • Høflege og viser omsyn.
  • Snakkar til kvarandre og om kvarandre på ein skikkeleg måte.
  • Tek alle med i leiken.

Godt humør gjer skuledagen betre!