Køyremønster

På grunn av store mengder private bilar i tilknyting til køyring og henting av elevar, samt bussar som bringer og henter elevar, ber vi føresette ta omsyn til køyremønsteret slik det her vert omtalt. (sjå og vedlagt PDF frå foreldremøte).

Området er utbetra for å få ein betre flyt i trafikken. Sikring av elevane har høgaste prioritet. Ved å følgje oppsett køyremønster varetek vi både elevane sin tryggleik og omsynet til god flyt i trafikken.

  • Foreldre som berre skal sleppe av elevar, stoppar i den gamle busslomma, køyrer så vidare gjennom parkeringsplassen og ut i Skiftedalsvegen.
  • Foreldre som følgjer og/eller hentar barn, skal parkere bilen på parkeringsplassen.  
  • Ingen må snu i innkøyringa til skulen.
  • Ingen slepp elevar av langs fortauet i Skiftedalsvegen.
  • Alle må være merksam på at det ferdast elevar kring bilar og bussar på parkeringsplassen.

Her kan du lesa meir om køyremønster ved Foldnes skule (PDF, 479 kB)