Leksehjelp

Vi har tilbod om leksehjelp for elevar på 5. til og med 7. trinn.

Det er leksehjelp etter undervisning måndag, onsdag og torsdag, 40 min pr gong. Det kan vere lurt å ha med ekstra mat til litt påfyll før ein går i gang med arbeidet. Elevane kan gå heim etter kvart som dei er ferdig med lekseabeidet.

Lekseordninga er eit høve for eleven på mellomtrinnet til å gjere lekse, eller få gjort ein del av leksene, på skulen. Elevane vil vere delt i grupper i klasserom i blått bygg, og det vil vere tilsyn ved assistent. Assistentane kan støtte opp om leksearbeidet, men går ikkje inn og sjekkar at lekse er gjort, eller rettar leksearbeid. Lekseordninga er først og fremst eit høve til å gjere lekse før ein går heim frå skulen, og føresette har ansvar for å sjå over at lekse er gjort, saman med eleven.

Ved påmelding om hausten vert det sendt ut påmelding i meldeboka på transponder. Påmeldinga gjeld for skuleåret.