På skulen hos oss har vi laga laga nye årsplanar og temaplanar etter ny læreplan. Her har vi delt året inn i tre, etter dei tre fagovergripande tema. Det vil seie at heile skulen no jobbar med temaet demokrati og medborgerskap. Måla i ulike fag er sortert slik at dei fleste som passar innanfor dette temaet kjem i denne bolken. I matematikk ligg feks statistikk, i norsk ligg blant anna argumenterande tekst og mykje av samfunnstemaet av samfunnsfag ligg på samfunnsfag.
I temaplanen har vi lagt sjangrar vi tenker passar i temaet, songar som handlar om demokrati og medborgerskap, ressursar ein kan bruke og ikkje minst, viktige omgrep for temaet.
Det vil seie at no er det stort fokus på årets stortingsval på skulen vår i alle klasserom. På 4.trinn har ein valt at elevane skal bli kjende med dei partia som ligg an til å hamne på Stortinget. Elevane jobbar på grupper med kvart sitt parti. Dei bruker kjelder som Creaza Samfunn, Skolen fra Cappelen Damm, Elevkanalen og Barnas valg frå Redd Barna for å lage ei bok i BookCreator om sitt parti. Boka lagar dei etter ei kriterieliste. Når boka var ferdig skal la dei fram partiet sitt for resten av klassa, før dei hadde ei partiavstemming til slutt. I tillegg fokuserte klassa på omgrep og øvde på utvalde omgrep og definisjonar i Quizlet.
På 2. trinn har elevane laga eigne parti. Her har fokuset vore på val og demokrati. Elevane har laga plakatar, reklamert for ei ge parti og eigne meiningar før dei hadde ei avstemming. Bileta her er frå dette prosjektet.